This is some text inside of a div block.

Fiskeriminister Cecilie Myrseth inviterte årsmøtet i Fiskebåt til dialog om fiskeripolitikken, og engasjementet frå salen var stort.


- Vi har vore med på opp og nedturar opp gjennom åra, men eg har aldri kjent på større uro enn no. Vi må sørge for at vi har noko å gi vidare til neste generasjon, sa Rita Sævik frå Herøy til fiskeriministeren.

Ho var ikkje den einaste som uttrykte uro. Nesten 20 talarar meldte seg til debatten i etterkant av innlegget til fiskeriministeren, og fleire var nettopp innom at viss regjeringa la fram sitt forslag til kvotemelding blir vedtatt, så vil det få uheldige konsekvensar.

Linefiskar Ståle Dyb frå Godøya sa at kvotemeldinga er eit direkte angrep på lineflåten.

- Vi har hatt dei dårlegaste driftsmarginane, og det har vore ein kamp om å få lønsemd. Vi treng store og trygge båtar som tar vare på mannskapet. Difor må vi ha stabile rammevilkår, sa Dyb.

Janne-Grethe Strand Aasnæs i Strand-reiarlaget etterlyste dokumentasjon på at fisk er flytta frå kystflåten til den havgåande flåten.

- Det har ikkje blitt flytta eit kilo fisk frå kyst til hav, men det som skjer no slår hardt inn på drifta vår. Vi er samde i at ein bør gjeninnføre strålstigen, sjølv om det treff oss hardt, men det gir stabilitet over tid, sa Aasnæs.

I den oppsumerande runden presiserte Myrseth at ho ikkje har noko i mot trålarar, men heldt samtidig fast ved at ei omfordeling av kvotene vil føre til meir aktivitet langs kysten.

- Det er fellesskapets ressursar vi skal fordele og diskutere. Det er viktig at vi fordeler den på ein forutsigbar, men også meir rettferdig måte som sikrar heilårlege arbeidsplassar langs heile kysten, sa Myrseth.


Her kan du lese vedtaket frå årsmøtet.

Les også:

- Regjeringens kvotemelding er U-rettferdig

Nyheter