"Den mest overbevisande feilinformasjonen ser ikkje ut som feilinformasjon – den ser ut som vitskap." Slik startar Max Mossler, redaktør i Sustainable Fisheries UW, ein kommentar, der han går i rette med ein artikkel om botntråling i The New York Times.
The New York Times-artikkelen er skrive av journalist Paul Greenberg og tar for seg utfordringar med botntrål, der han blant anna hevdar at botntråling er ein "destruktiv, industriell fiskemetode". Artikkelen er basert på ein forskingsrapport, som ifølge Mossler både er mangelfull og misvisande.
- Problemet blir enda større av at vitskaplege artiklar blir feiltolka av journalistar og influensarar, som igjen feilinformerer samfunnet, skriv Mossler i Sustainable Fisheries UW.
Denne problemstillinga kjenner vi også igjen frå den norske debatten om forskjellige fiskemetodar sin innverknad på miljøet. Mossler etterspør også kva som skal vere alternativ matproduksjon, viss ein skulle innføre eit totalforbod mot botntråling, og viser til at all menneskeleg aktivitet - deriblant matproduksjon - har ein innverknad på miljøet.
Sustainable Fisheries UW er eit tidsskrift som er tilknytta University of Washington, og etterspør eit sakleg faktagrunnlag i debatten rundt kva som er eit berekraftig fiskeri.
Her kan du lese kommentaren til Max Mossler i Sustainable Fisheries UW.
