This is some text inside of a div block.

- Eg oppmodar stortingspolitikarane om å vere konstruktive slik at vi får ei breidast mogleg tverrpolitisk semje i fiskeripolitikken. Det sa styreleiar i Kåre Heggebø i Fiskarlaget, i opningstalen sin til landsmøtet.

Heggebø hadde den komande kvotemeldinga i tankane og var tydeleg på at det i den varsla kvotemeldinga må kom på plass gode og tenlege løysingar for ein samla fiskeflåte.

- Forutsigbare rammevilkår og ei stabil ressursfordeling er grunnleggande for å skape attraktive arbeidsplassar og utløyse naudsynte investeringar, sa Heggebø til landsmøtet.

Det har gått meir enn åtte år sidan dåverande fiskeriminister Elisabeth Aspaker sette ned Eidesen-utvalet med mandat om å kome med eit forslag til korleis ein kan forenkle kvotesystemet. Vidare har det gått meir enn to år sidan den første kvotemeldinga blei lagt fram.

I talen var Heggebø også innom geopolitiske forhold og ikkje minst følgene av krigen i Ukraina. Krigen har blant anna ført til auka energiprisar, med påfølgande svak krone og høgare rente. Dette har kome i tillegg til at kvotane for fleire sentrale artar er på veg nedover.

Heggebø etterlyste meir kunnskap om kva som kan vere årsakene til at dette skjer.

-Det er urovekkane at mykje av nedgangen vi ser skuldast sviktande rekruttering. Mange har teoriar om kva dette skuldast, men ingen har svaret. Vi har fått nok eit døme på at vi tren meir kunnskap, sa Heggebø.

Les også;

- Vi treng eit kvotesystem som kjem alle til gode


Her kan du lese heile talen til styreleiar Kåre Heggebø


Nyheter