This is some text inside of a div block.

- Det er få saker som engasjerer meg så mykje om kvotemeldinga. Det handlar om folk og rettferdig fordeling. Vi å ha eit kvotesystem som kjem alle til gode, enten dei er store, små eller mellomstore. Det sa fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap), då ho snakka til landsmøtet til Norges Fiskarlag i Trondheim.

Fiskeriministeren lova forsamlinga at kvotemeldinga kjem om ikkje så lenge, og at det blir lagt opp til ein politikk som skal kunne stå seg over tid.

- Det er viktig at stolpane i fiskeripolitikken står seg over tid. Vi skal legge fram regjeringa sin politikk, så er det opp til stortinget å avgjere, men eg er sikker på det vi legg fram vil skape debatt. Det gjer alltid fiskeripolitikken, sa Myrseth.

Ho sa vidare at ho har forståing for at fiskarane er utålmodige, og at eit statsrådbyte ikkje skal ha for stor innverknad på tidsplanen.

- Vi er tross alt frå same regjeringa og same parti, men eg hadde tydelege meiningar når eg var fiskeripolitisk talsperson tidlegare. Tydelege meiningar har eg enno, og vi skal legge opp til ein heilskapleg politikk som er best for kysten og framtida, og som sikrar verdiskaping og arbeidsplassar langs heile kysten, sa Myrseth.

I talen til landsmøtet var Myrseth også innom internasjonale forhold og diskusjonen om sameksistens i havet. Der gjentok ho det både statsminister Jonas Gahr Støre og sin forgjengar Bjørnar Skjæran har sagt; nemleg at fiskerinæringa er viktig for Norge, og at den ikkje skal fortrengast til fordel for nye næringar.

Les også;

Ber stortinget om å samle seg om fiskeripolitikken

Her kan du lese heile talen til fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

Nyheter