This is some text inside of a div block.

Fiskebåt er kritisk til styresmaktene sitt arbeid om å finne område som skal underleggast marint vern.

I eit brev sendt til blant anna Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, blir det uttrykt bekymring for både prosessen, omfanget og manglande omsyn til næringsaktivitet.

Bakgrunnen er eit oppdrag som er gitt av Miljødirektoratet til Havforskingsinstituttet om å identifisere kandidatområde for marint vern. Oppdraget skal leverast innan desember 2026, og skal vere eit naturvitskapleg kunnskapsgrunnlag, utan at ein tek omsun til eksisterande næringsaktivitet.

Fiskebåt fryktar at dette kan føre til at viktige fiskefelt kan bli foreslått verna, utan at ein har vurdert konsekvensane for næringa.

I brevet peikar Fiskebåt vidare på at arbeidet er sett i gang utan fiskerinæringa er involvert eller orientert. Det blir også reist spørsmål rundt ressursane som er sett av til arbeidet. Med ei ramme på 2,5 millionar kroner, og ei effektiv gjennomføringstid på 16 månader, er de fare for at kunnskapsgrunnlaget blir for svakt, heiter det i brevet.

Oppdraget er å identifisere område tilsvarande 10 og 30 prosent av dei norske havområda. Mange av desse kan vere såkalla særleg verdifulle og sårbare område (SVO), som også er viktige gyte- og oppvekstområde for fisk – og dermed sentrale fiskefelt.

Trass kritikken understrekar Fiskebåt i brevet at det må være rom for både vern, fiskeri og anna næringsaktivitet i norske havområde, men at prosessane vere opne og tillitvekkande.

Her kan du lese brevet.

Les også;

Fiskeri sikrar større biologisk mangfald

Nyheter