This is some text inside of a div block.

Trålposar, nøter og garn er av høg kvalitet for å tåle saltvatn og hardt ver. Når dei har gjort jobben som fiskereiskapar kan no ende opp som nett i fotballmål.


Gjennvinningsselskapet Nofir har fått støtte frå Handelens Miljøfond til å omskape utrangerte fiskenett om til idrettsnett.

Mykje av fiskereiskapane som blir kassert har framleis stor restverdi og kan difor få eit nytt liv og ny nytte. Handelens Miljøfond gir difor støtte til Nofir i dette prosjektet der målet er å bruke opp att så mykje som mogleg, og gjenvinne det som ikkje kan brukast. Dermed blir det minimalt som går til forbrenning.

Ifølge Handelens Miljøfond er mange av idrettsnetta som blir brukt i Norge i dag, laga av dårleg kvalitet som gjer at dei fort blir øydelagt. Etter at dei er utslitt, havnar dei som oftast på deponi eller går til forbrenning. Ved å gjenbruke fiskenett kan ein løyse fleire miljøproblem samtidig.

Nofir samlar kvart år inn om lag 6000 tonn med reiskapar frå fiskeri og oppdrett. Det meste av dette går til genvinning.

Her kan du lese meir om prosjektet.

Nyheter