Fiskerinæringa startar no ein kampanje for å rette søkelyset mot marin forsøpling. Kvart år hamnar store mengder med plast og anna avfall i havet, som får store konsekvensar for dyrelivet i havet og langs kysten.
Det er Norges Fiskarlag i samarbeid med Nord Fiskarlag, Sør-Norges fiskarlag og Fiskebåt som står bak kampanjen for fiskeflåten.
- Diverre er det mykje av avfallet som ligg langs strender og i havet som kjem frå fiskeriaktivitet. Dei siste åra har heldigvis haldningane endra seg til det positive, men det er framleis mykje også frå tidlegare synder som må ryddast opp i, seier Tor Are Vaskinn, avdelingsleiar i Fiskebåt.
Ei av utfordringane for fiskeflåten er at det er mangelfullt med mottaksanlegg for søppel langs kysten. Dette er noko det blir jobba med å få på plass. Det er også laga ein handlingsplan mot marin forsøpling.
18. og 19. juni skal ei gruppe frå Fiskarlaget og Fiskebåt til Hirtshals og Strandby i Danmark, for å sjå på deira avfallsløysingar og høyre kva danske fiskarar tenkjer om systemet.