This is some text inside of a div block.

NVG-silda har aldri gytt lengre nord, enn den gjer no. Forskarane veit ikkje kvifor.

Sildegytinga har endra seg. Dei siste tre åra har norsk vårgytande sild (NVG-sild) flytta seg frå dei tadisjonelle gyteområda utafor Møre og Romsdal og Trøndelag, til fordel for Lofoten og Vesterålen. Forskarane veit ikkje kvifor, men har aldri tidlegare dokumentert ei så nordleg fordeling av silda som i år.

Det seier havforskar Are Salthaug, ved Havforskingsinstituttet (HI) til forsking.no. Salthaug var toktleiar under HI sitt sildegytetokt 13.–26. februar med fiskefartøya Eros og Vendla.

Lofoten og Vesterålen

Ifølge forskarane var det knapt ei sild å sjå på toktet, før dei kom til Røsttunga, cirka 60 nautiske mil vest-sørvest av Røst. Heile 82 prosent av sildebestanden stod i år utafor Lofoten og Vesterålen. Nord for Andenes stod dei siste 18 prosent av bestanden, ifølge forskarane.

Førebels har ei ikkje noko forklaring på kvifor det er slik, men ifølge Salthaug blir det jobba med å teste ut ulike teoriar.

Sildebestanden er dominert av av ein sterk 2016-årsklasse, som utgjer halvparten av heile bestanden. Ein annan mogleg teori er at dei må flytte seg sidan dei er så mange, og at dermed alle følgjer med.

Kan ha skjedd tidlegare

– Det nye gytemønsteret kan ha skjedd i tidlegare tider også, men vi har ikkje observert  fråver av nvg-sild på gytefelta sør for Røst gjennom moderne fiskeri eller forsking, seier Salthaug.

Forskarane såg også meir ung sild, tre- og fireåringar, i nord enn det som er vanleg under toktet.

Her kan du lese nyheitssaka på forsking.no

Her kan du lese heile rapporten frå toktet

Nyheter