This is some text inside of a div block.

- Det er enorme mengder med hyse, og vi finn den på andre stadar enn tidlegare. Det seier skipper Pål Roaldsnes på trålaren Synes.

Hysekvota til trålaren er nærast ferdigfiska. Denne sesongen har vore prega av godt fiske og store hal frå Røst og nordover. No må resten sparast som bifangst til seinare.

- Viss hysa byrjar å blande seg med torsken, vil vi få eit problem. Så vi treng å ha litt å gå på i tilfelle det blir stor innblanding i torskefisket, seier Roaldsnes.

Fleire årsklasser

Ifølgje Roaldsnes har dei observert store mengder med hyse, men dei har også observert fleire årsklasser og fisken ser ut til å vere i god kondisjon. Det er ikkje berre Synes som har hatt eit godt hysefiske i år. Trålflåten har stort sett fiska ferdig hysekvota si, og det langt tidlegare enn normalt.

Pål Roaldsnes, skipper på Synes. Foto: Odd Kristian Dahle.

I år er kvotene for både torsk og hyse redusert med 20 prosent. Dette fordi forskarane meiner at bestandane er mindre enn tidlegare. Roaldsnes spør seg om forskarane leitar på dei rette stadene, for bildet stemmer ikkje med det fiskarane observerer på fiskefelta.

- Det ser ikkje ut til at forskarane gjennom gytetokta sine fangar opp desse endringane som skjer. Dei måler på bestemte punkt kvart år, og fangar ikkje difor opp viss fisken har flytta seg, og gyt andre stader. No ser vi td. store mengder med gytetorsk på Tromsøflaket, noko vi ikkje har sett tidlegare seier Roaldsnes.

Litt meir forsiktig

Skipper Egil Skarbøvik på trålaren Ramoen ligg no og fiskar torsk på Tromsøflaket. Hysa blei dei ferdige med på forrige tur. Også han seier at det har vore bra med hyse i år, men er litt meir forsiktig enn Roaldsnes.

- Det har vore god tilgang på hyse, og tidlegare enn normalt. Eg vil vere litt nøktern og seie at vi ikkje ser ein tilbakegang i går, så det kan tyde på at bestanden har flata ut og at nedturen har stansa, seier Skarbøvik.

Skipper Egil Skarbøvik på Ramoen. Foto: Odd Kristian Dahle.

Han viser til at tidlegare var det meste av hysefisket konsentrert om området rundt Bjørnøya, men at den bestanden har minka.

- No kan det sjå ut som det er fisk som kjem frå russisk sone, langt aust i Barentshavet, som det blir fiska på. Denne fisken vandrar inn til norskekysten for å gyte. Dette stemmer også bra med at lineflåten tidlegare i vinter har hatt eit svært godt hysefiske i russisk sone, seier Skarbøvik.

Les også;

Godt hysefiske og mykje sild i russisk sone

Nyheter