This is some text inside of a div block.

Tre område aust for Shetland er tildelt ulike havvindselskap for videre planlegging av flytande havvind. Dei tildelte områda er viktig for delar av den norske fiskeflåten. Særleg den norske lineflåten fiskar i det aktuelle havområdet.

I hovudsak blir det fiska etter lange, men også torsk, hyse og brosme. Dei aktuelle områda er også viktige for fiskarar frå Shetland og Skottland, og der foregår også spreidt fiske etter sild og makrell. Aust for dei tre områda blir det fiska etter sei med trål. Kart frå Fiskeridirektoratet viser likevel at det i størst grad blir fiska med line. Det får Stig-Jarle Ervik, driftssjef for Fjellmøy til å reagere.
 
- Konvensjonell hav tapar no alle kampar, spesielt på arealplan. Held dette fram blir denne gruppa borte på rundfisken, då blir det kun Barentshavet igjen, seier Ervik.


 Aktivitet frå norske fartøy, der grønt er line, rosa er flytetrål, lilla er not, blå er bontrål og oransje er snurrevad. Skjermdump frå Fiskeridirektoratet si kartteneste, Yggdrasil.


 
Tildelinga skjedde som del av ScotWind tildelingsrunde for havvind i skotske farvatn i 2021, der 17 prosjekt fekk tildelt areal - med ein total kapasitet på 25 GW installert effekt. Det er nesten like mykje som heile den norske havvindsatsinga.
 
Fiskerinæringa og organisasjonane gjekk i mot fleire av disse areala, men blei ikkje høyrt i prosessen. Dei tre områda aust for Shetland var blant desse som den skotske fiskerinæringa gjekk i mot.
 
Fortvilande meiner Ervik.
 
- Vi i konvensjonell hav har tapt fleire område. På Hywind Tampen er det gode langeplassar. Fleire plattformar har utvida frisona rundt der dei ligg, og vi har mista Rock All. Dette kjem i tillegg til fleire andre saker eg kunne nevnt, seier Ervik.
 
På mandag la også skotske styresmakter fram omfattande marine verneområde (MPA) i skotske farvatn. Fleire av desse felta er særleg viktig felt for den norske lineflåten som fiskar etter lange.
 
- Dette kom heilt uventa på oss og slo ned som ei bombe. Dette er ein plass som blir mykje brukt av både konvensjonell hav og garn på kyst, seier Ervik.
 
- Fiskebåt følgjer nøye med på det som skjer, men ei utfordring er at prosjekta er tildelt selskap som allereie er i gang med konsekvensutgreiingar og anna planlegging. Det fører til at det blir ein del avgrensingar for korleis vi kan påverke prosessane, seier Hanna Bauge i Fiskebåt.
 
Ho viser til at prosjektområda er på djupt vatn, og at dei vil gjelde flytande havvind.
 
- Dette er framleis ein relativt umoden teknologi med høge kostnader og med stort behov for statlege subsidiar. Korleis dette vil utvikle seg i åra som kjem er vanskeleg å vite. Men det vil nok gjere det meir krevande å realisere enn om det var snakk om botnfast havvind, seier Bauge.

Nyheter