This is some text inside of a div block.

Fiskeridirektoratet må gå gjennom dei gebyrbelagte tenestene for å sjå om dei er overprisa. Dette skjer etter oppmoding frå Fiskebåt.

Nærings- og fiskeridepartementet skriv i et brev til Fiskebåt at dei ber direktoratet sjå nærare på praksisen rundt gebyr på tenester.

Fiskebåt tok opp saka med «gebyrsjokk» rett over nyttår etter at det viste seg at enkelte gebyrsatsar har auka med 400 prosent på eitt år.

I svarbrevet frå departementet blir den kraftige prisauken forklart med at enkelte gebyr har vore sterkt underprisa og ikkje stått i forhold til den kostnaden Fiskeridirektoratet har hatt med saksbehandlinga. Dette blir forklart med at prisinga av gebyr i Fiskeridirektoratet tidlegare var basert på skjønn. No har betra tidsregistrering syneleggjort at gebyra for fartøysaker har vore sterkt underprisa, skriv departementet i brevet. Det blir også vist til at det ikkje er gjort endringar i gebyrstrukturen i forhold til tidlegare år, utover justeringa av satsane.

Departementet ser likevel at det kan vere teneleg å sjå nærare på inndelinga i søknadstypar og prisinga av desse, for å unngå at enkelte søknadstypar blir overprisa. Eventuelle endringar i gebyrstrukturen som følge av denne gjennomgangen vil bli sendt på høyring.


Les også;

Gebyrsjokk fra Fiskeridirektoratet – har økt med 400 prosent

Nyheter