This is some text inside of a div block.

Fiskeridirektoratet opnar for mellombels notfiske etter makrell innafor fjordlinjene for fartøy over 28 meter.

Vedtaket kjem etter at Fiskebåt tok opp problemstillinga med Fiskeridirektoratet sist veke.

Fiskebåt har den siste tida nemleg fått fleire førespurnader frå fartøy som fiskar makrell utafor Troms og nordre delar av Nordland. Dei har tidlegare hatt gode fangstar utafor fjordlinjene, men makrellen har den siste tida trekt lengre inn i fjordane og er dermed ikkje tilgjengeleg for fartøy over 28 meter.

Mindre fartøy har hatt gode fangstar innafor fjordlinjene, men det har vore få fartøy som har fiska. Dette har igjen ført til lite råstoff for den pelagiske industrien i nord.

Den mellombelse opninga gjeld fram til 1. september.

Her kan du lese brevet frå Fiskebåt.

Her kan du lese detaljane i vedtaket frå Fiskeridirektoratet.

Nyheter