This is some text inside of a div block.

- Kystflåten sitt loddefiske i Barentshavet gir eit lite forutsigbart driftsopplegg for alle fartøy i kystgruppa som ønskar å delta i fisket. Det skriv Fiskebåt i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet.


Fiskebåt oppmodar difor departementet om å lukke dette fisket.

- Ei lukking av loddefisket vil bidra til langt større forutsigbarheit for flåten, noko som vil forenkle planlegginga og avviklinga av dei ulike fiskeria på ein betre måte, skriv Fiskebåt.

Til forskjell frå andre opne fiskeri, der alle fartøy på visse vilkår kan delta i fisket, er deltakinga i loddefisket i Barentshavet basert på loddtrekning der kun ein liten del av påmeldte fartøy får delta i fisket.

Loddefisket føreset store investeringar i utstyr og reiskapar. Desse investeringane, vil med dagens ordning, ofte ikkje vere mogleg å tene inn igjen viss det aktuelle fartøyet ikkje vinn den årlege loddtrekninga.

Fiskebåt meiner difor at loddtrekning bør avviklast og erstattast med ei meir rettferdig ordning, som vil legge til rette for eit meir effektivt fiske, både med tanke på økonomi og miljø.

Her kan du lese brevet fra Fiskebåt

Nyheter