This is some text inside of a div block.

Rikke Isaksen (28) elskar livet om bord i krabbefartøyet Tromsbas. Det som var ei spontan avgjerd under koronaen, har blitt permanent.

Utan fiskerierfaring, men lei av å vere mykje innandørs under korona-pandemien, tok Rikke Isaksen steget og blei krabbefiskar.

- Eg var lei av pandemien, meldte meg på sikkerheitskurs og søkte sikkert på 10 forskjellige krabbefartøy før eg fekk napp på Tromsbas. Planen var å vere med eit år for å tene litt pengar, men dette ga meirsmak og eit år blei til tre, fortel ho.

28-åringen bur i Oslo, er vakse opp i Bodø og familien har sommarhus på Sarnes rett vest for Honningsvåg, så tilknytinga til kysten er det, og ein viss kjennskap til fiskerinæringa låg i botn.

- Eg har alltid hatt ein barndomsdraum om å bli fiskar og har jo vakse opp i eit fiskerimiljø, så heilt tilfeldig var det jo ikkje. Samtidig var det noko nytt og spennande og kanskje litt tøffare enn eg hadde forestilt meg, seier Isaksen.

TV-kjendis

For mange er Rikke Isaksen kjent frå TV-seriane Kompani Lauritzen i 2022 og 71 grader Nord i år, der ho gjekk av med sigeren saman med lagkamerat og tidlegare handballproff, Frank Løke. Dei kjempa seg gjennom fire veker på tur på tur i lag.

Rikke Isaksen på toppen av Ågottind (1526 moh.) i Eikesdalen i samband med 71 grader Nord. (Foto: Privat).

- Å vere med på 71 grader Nord var eit eventyr, der eg fekk utfordra meg sjølv og fekk vise kva som bor i meg. Eg er sta og får til det eg vil. Å vere på lag med Frank var veldig gøy. Han er ei maskin, og et stort forbilde.

Kunne du tenke deg å satse vidare på ein TV-karriere?

- Eg likar å lage TV-underhalding, men eg elsker å jobbe på sjøen. Så eg likar kombinasjonen med at eg kan jobbe hardt halve året, og så kan eg kose meg i TV og influencer-verda det andre halve året.

Rikke har også hatt andre jobbar når ho er på «fritur» frå krabbefisket.

- Eg har blant anna jobba tre månader på ein autolinebåt, i barnehage, sjukeheim og no har eg jobb på eit fiskeoppdrettsanlegg på Nesna. Der har eg ordna meg med ei veke på jobb og ei veke fri.

Rikke Isaksen trivs godt i islandskapet i nord. (Foto: Privat).

Usminka

Krabbefisket er intenst og sesongen er i vinterhalvåret. Isaksen og resten av mannskapet mønstrar på i romjula slik at båten er klar på feltet 1. januar.

- Då er det nokre intense veker. Ein tur kan vare fire til sju veker, så er vi i land og lossar ein dag eller to før det er ut i igjen. Dei fleste tar eit halvt år i slengen. Det er då vi får den største pengegevinsten, fortel Isaksen.

Og ho elskar livet på havet og på krabbebåten.

- Ja, det er eit fint liv. Det er eit veldig godt og ungt miljø om bord, så dette er nok den beste arbeidsplassen eg har vore borte i. Eg blei tatt på alvor frå første stund, og får nesten separajonsangst når vi mønstrar av – dette er min andre heim. Så er det så fritt. Når eg vaknar gjeld det å ta på seg noko varmt ullundertøy og varme kle. Ein treng ikkje tenke på sminke eller korleis ein ser ut. Om bord stiller alle likt og det blir forventa det same av alle, seier Isaksen.

Rikke viser stolt fram dagens fangst. (Foto: Privat).

Av mannskapet på 35 er dei ni kvinner om bord, noko som bidrar til at det er eit godt miljø om bord, meiner Isaksen.

- Alle om bord blir tatt på alvor og respektert for den ein er, så eg har aldri opplevd noko ubehagelege episodar. Her er vi eit lag som jobbar saman og alle skal vere slitne, for arbeidet er til dels fysisk hardt, særleg for armar og rygg og vi jobbar i ein turnus med seks timar på og seks timar av.

Kva tankar har du om framtida?

- Planen var å vere på sjøen eit år og maks to, men no har det blitt tre år og eg likar meg veldig godt, så vi får sjå kva som skjer framover. Eg har jo blitt litt eldre og ser at dette livet også har sine avgrensingar. Eg har ein hund no som bind meg litt opp, og det er ikkje så lett å gå inn i eit forhold og så seie at no blir eg borte eit halvt år. Så vi får sjå kva framtida bringer.

Fjerning av is er ein del av kvardagen om bord i eit krabbefartøy. (Foto: Privat).

Nyheter