This is some text inside of a div block.

Norge og Russland har samarbeida om fiskeri i Barentshavet i 50 år. - Eg ser ingen grunn til at dette samarbeidet skal opphøyre, seier Geir Hønneland, seniorforsker, Fritjof Nansens Institutt.

Hønneland tar høgde for at han kan ta feil, og viser til at storpolitiske omsyn kan overstyre både berekraft og økonomi. Hønneland var ein av innleiarane samen med Arne O. Holm, redaktør High North News, under årsmøtet til Fiskebåt Nord i Tromsø.

Dei siste åra har forhandlingane mellom Norge og Russland foregått digitalt. Først som ein følge av korona-pandemien, og deretter som følge av sanksjonar etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022.

- Det er kontroversielt i Norge å samarbeide med Russland, og det er overraskande at det ikkje har vore meir debatt om fiskerisamarbeidet, seier Hønneland.

Russland suspendert

Innan forsking har det bilaterale samarbeidet på sett og vis også blitt betre, etter at Russland i 2022 blei suspendert frå det internasjonale havforskingsrådet, ICES.

- Etter at Russland blei suspendert frå ICES har det ikkje vore noko alternativ for dei to landa enn å samarbeide. Samarbeidet er likevel på eit lavbluss, og kjem truleg til å halde fram på dette nivået i overskueleg framtid. Eg kan likevel ikkje sjå at Russland har noko økonomisk interesse av å ikkje samarbeide med Norge. Dei treng tilgang til å fiske i den vestlege delen av Barentshavet, ifølge Hønneland.

Audun Maråk i Fiskebåt tok ordet og sa at Norge på mange måtar har vore ein «lillebror» i forholdet til Russland, og antyda at Norge kanskje skulle stilt større krav i forhandlingane.

Les også;

Ytterstad med klar oppfordring til fiskeriministeren

Nyheter