This is some text inside of a div block.

Sterk vind frå nord har ført til isproblem for snøkrabbeflåten. 18. mars er siste dagen i årets fangst, men for enkelte kan det bli vanskeleg å få opp teinene så raskt.

Fiskebåt har fått førespurnader frå medlemsfartøy som meiner at det kan bli vanskeleg å få opp alt bruket innan midnatt den 18. mars, på grunn av utfordrande isforhold.

Dei siste dagane har det vore sterk vind frå nord, som har ført til at isen har kome raskt på flåten. Dette gjer at dei ikkje greier å flytte bruket i tide. I tillegg til vinden er det kaldt med temperaturar på 12 til 15 minusgrader, slik at det er vanskeleg å hale linene.

Ut frå kartmaterialet i Barentswatch, er det snakk om over 50 teinelenker med om lag 200 teiner som er i område der det er det er tett drivis.

Fiskebåt har med bakgrunn i dette spurt Fiskeridirektoratet om at teiner kan stå igjen på feltet også etter 18. mars, og at teiner kan takast opp så snart isen trekker seg tilbake.

Les også;

Store isproblemer i avslutningen av snøkrabbefisket

Gir ikkje dispensasjon for å hente opp teiner

Nyheter