Eit ekspertutval for klimatilpassing varslar reduserte fangstar i framtida, som følge av klimaendringane. I dag leverte utvalet rapporten til klima- miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Ekspertutvalet for klimatilpassing har tatt for seg fleire sektorar og sett på kva konsekvensar klimaendringane kan føre til. For fiskeri vil varmare hav føre til vansklegare levekår for fleire av dei artane vi fangstar på no, ifølge utvalet.
Ekspertutvalet vurderer at fangstvolumet av dagens artar kan bli redusert med 35 prosent i 2050, samanlikna med 2010-2024.
Anslaget som blir brukt er ei samanstilling av naturlege variasjonar og menneskeskapte klimaendringar. Dei naturlege svingningane fører til at situasjonen kan bli noko betre i slutten av år 2100, med ein nedgang på 11 prosent, ifølge ekspertane.
Lågare fangstvolum vil føre til reduserte inntekter i næringa. Samtidig kan varmare hav føre til at nye artar kjem til. Desse er ikkje prissett i rapporten. Det er heller ikkje andre endringar som at ekstremver kan gjere fisket vansklegare.
Utvalet tilrår at kunnskapen om påverknaden frå klimaendringane på havområda og fiskebestandar bør aukast.
Les rapporten:
Norge i hardt vær - regjeringen.no
Klima er viktig for Fiskebåt
For Fiskebåt har klimaendringane lenge stått på dagsorden, og fiskeflåten har gjort fleire tiltak for å redusere eigne utslepp av klimagassar. Utfordringa for store delar av fiskeflåten, er at det per i dag ikkje finnast alternative drivstoffkjelder til diesel.
På kort sikt er dei viktigaste tiltaka fiskeflåten kan bidra med følgande;
* Fjerne CO2-avgifta, som fører til at fiskefartøy må gå lange omvegar for å bunkre
* Auke bruken av biodrivstoff
* Energieffektiviserende tiltak
* Større vektlegging av klima i fiskeripolitikken
Fiskebåt samarbeidar med miljøorganisasjonen ZERO om å finne fram til energieffektiviseringstiltak.
