This is some text inside of a div block.

Senterpartiet vil gjere CO2-avgifta til ei kampsak for Senterpartiet i forhandlingane om statsbudsjettet.

I går var nestleiar i Senterpartiet Bjørn Arild Gram og stortingsrepresentant Geir Inge Lien, på besøk om bord i K Nyvoll i Giske kommune. Båten brukar over ein million liter marin diesel i året. Når reiarlaget må betale CO2-avgift, meiner dei det svekker evna til å konkurrere med fiskebåtar frå andre land.

– Det er tungt å måtte betale denne avgifta. Vi må konkurrere mot utanlandske fartøy som fiskar i same område som oss, men som slepp avgifta, sier skipper Bård Erik Nyvoll til NRK.

Mange fiskebåtar har den siste tida dratt til Shetland eller andre utanlandske hamnar for å bunkre drivstoff slik at dei slepp CO2-avgifta. Det fører til at turane blir lengre og at utsleppa aukar.

No forventar Nyvoll at avgifta blir fjerna, og har fått med seg Senterpartiet. Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt var også med på besøket. Fiskebåt har lenge jobba for å få fjerna avgifta.

– Avgifta fører til redusert verdiskaping for AS Noreg, seier Maråk.

Han har likevel tru på at Fiskebåt skal lykkast i arbeidet med at fiskeflåten får fritak for CO2 avgift.

- Avgifta virkar mot si hensikt, er konkurransevridande, gir redusert verdiskaping og er uheldig for beredskapen, i tillegg fører den, som Fiskebåt har utgreia, til auka CO2 utslepp, seier Maråk.

I tillegg til Senterpartiet har også Kristeleg folkeparti og Høgre landsmøtevedtak på at dei vil fjerne CO2-avgifta for fiskeflåten.

Regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett 7. oktober. Deretter blir det forhandlingar i Stortinget.

Sjå innslaget på NRK Dagsreveyen

‍

Nyheter