This is some text inside of a div block.

Fiskeforedlingsbedrifta Friesenkrohne i Marne i Nord-Tyskland foredlar norsk sild. Fabrikken produserer 300 forskjellige produkt.

Tyskarane konsumerer ein del sidemåltid gjennom eit år. Mest går det i forskjellige variantar av Matjes-sild, og det er særleg den eldre del av befolkninga som er kundane.

- Vi har ei utfordring med å nå ut til yngre konsumentar, men dei er opptatt av helse og miljø, så vi prøvar å bruke det i marknadsføringa mot nye kundegrupper. Sild er noko av den mest klimavenlege maten ein kan ete, og klimaendringane er noko dei yngre er opptatt av. I tillegg er det eit veldig sunt produkt med tanke på helse. Difor trur vi at rette vegen å gå nettopp er å fokusere på helse og miljø, fortel ein av eigarane av Friesenkrone, Jürgen Dohrn.

Jürgen Dohrn viser fram ein pakke med matjes-sild som er eit av dei populære produkta. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Ei anna utfordring ligg i folk sine smaksvanar, fortel den andre eigaren av Friesenkrone, Henrik Schwartz.

- Silda har to problem. Det er beina og så er det smaken. Smaksproblemet blir løyst med å tilsette krydder og andre smaksingrediensar i dei forskjellige variantar. På den måten dempar vi den karakteristiske sildesmaken, seier Schwartz

Familieigd

Fiskeforeldringsbedrifta Friesekrone er eigd av to familiar og har røter tilbake til 1904. Dei har fleire produksjonsanlegg rundt om i Tyskland og har til saman 280 tilsette. Flesteparten er lokalisert ved anlegget i Marne der det kvar dag passerer 35 tonn fisk som blir foredla.

Fabrikken på 10 000 kvadratmeter produserer både for den profesjonelle mat-marknaden, men ein stor del av produksjonen går også til vanlege kundar gjennom daglegvarehandelen. Mykje av arbeidet er manuelt. Det er rimlegare enn å automatisere og så gir det betre kvalitet på produkta, meiner Dohrn.


Mykje av produksjonen foregår manuelt. Her blir filetane sortert etter storleik. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Manuelt arbeid gir betre kvalitet på produkta, meiner Jürgen Dohrn. Difor er innrøringa av smakstilsettingar gjort manuelt.(Foto: Odd Kristian Dahle).

Norsk sild

Mykje av fisken som blir brukt i produksjonen kjem frå norske fiskebåtar.

- Vi er lokalisert berre 10 kilometer frå Nordsjøen, og brukar mykje norsk fisk i produksjonen. Vi har god kontakt med fleire norske fiskebåtar og mottaksanlegg, seier Dohrn.

Fisken kjem inn til fabrikken i fryste blokker. Der blir den tint i 24 timar før den blir tatt inn i produksjonen. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt).

Konkurranse

Tyskland er inne ei periode med kraftig auke i kostnadane. Dette merkar dei også i foredlingsindustrien.

- Både råvarer og energi har blitt vesentleg dyrare. Særleg det siste gjer at vi opplever større konkurranse frå land som Polen og Litauen, der dei har billigare straum. Det gjer at dei kan legge prisen rundt 10 prosent lågare enn det vi har høve til, sier Dohrn.

For å kompensere for dette prøver dei å auke voluma med å køyre kampanjar som er retta mot yngre konsumentar.

Nyheter