This is some text inside of a div block.

Trålaren Ecofive er kåra til Ship of the Year 2023. Den prestisjetunge prisen blei kunngjort på Nor-Shipping-messa på Lillestrøm, med både kronprinsen og fiskeriministeren til stades.

- Det er første gong at eit fiskefartøy får ein slik pris, så dette er vil både stolte og glade for. Denne utmerkinga heng høgt, og gir oss ein skikkeleg boost no når vi skal til med ferdigstillinga, seier Tore Roaldsnes, dagleg leiar i reiarlaget Bluewild.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) saman med Tore Roaldsnes i samband med prisutdelinga. Foto: Jan Ivar Maråk/Fiskebåt.

I grunngivinga frå juryen heiter det mellom anna at årets «Ship of the Year» går til eit fartøy som byr på revolusjonerande teknologi, og at skipet med fleire nyvinningar er med på å gjere fiskeflåten grønare.

Bluewild får utmerkinga saman med Ulstein Design & Solutions i Ulsteinvik og verftet Westcon i Ølen, der trålaren skal utrustast.

- Kåringa hjelper oss med å løfte blikket, og kanskje har vi med denne trålaren lagt grunnlaget for ein ny standard. Utmerkinga vil forhåpentlegvis også gi samarbeidspartnerane våre ein kjempefordel i marknaden, seier Roaldsnes.

Prisen blei delt ut i dag på NorShipping på Lillestrøm, der HKH kronprins Haakon deltok i lag med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) til stades.

Fv. Endre Matre (Westcon Yards), Cathrine K. Marti (CEO Ulstein Group), Tore Roaldsnes (Bluewild), Bjørnar Skjæran (Fiskeri- og havminister), HKH kronprins Haakon. (Foto: Ulstein Group).

- Dette er ein høgthengande pris som er godt kjent ute i marknaden. Det er difor kjekt at ein norsk trålar får denne utmerkinga, og viser at norske fiskefartøy er verdsleiande når det gjeld å ta i bruk ny og miljøvenleg teknologi, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt og nestleiar i NOx-fondet.

Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt. Foto: CF Wesenberg/Fiskebåt.


Redusert utslepp

Tanken bak Ecofive er å legge til rette for eit fullstendig berekraftig fiske, der reduksjon av klimagassutslepp står sentralt. Høyr Tore Roaldsnes fortelle om prosjektet i videoen under.



Fartøyet er utstyrt med eit hybrid framdriftssystem der batterisystemet har ein kapasitet på 1130 kWt. I tillegg til ei rekke energieffektiviserande tiltak vil dette samla gi minst 25 prosent reduksjon i drivstofforbruk og utslepp samanlikna med eit tilsvarande moderne fartøy av denne typen.

- Innsparingane kan ved nokre operasjonar kome opp i 40 prosent. Det største enkeltområdet for energieffektivisering er at dette fartøyet er utstyrt med rordyser på eit to-propellars framdriftsanlegg. Berre med dette ligg energireduksjonen på 15 prosent samanlikna med konvensjonelle fartøy av same type. Andre tiltak er elektriske vinsjar, varmegjenvinning, og ei rekkje mindre energieffektiviserande tiltak. Med estimerte 330 driftsdøgn i året kan det årlege utsleppet av CO2 bli redusert med 5 179 tonn, fortel Roaldsnes.

Sikrar kvaliteten heile vegen

Fangstteknologien skal ta vare på råstoffet frå fangst til ferdigprosessert vare. Her er nokre punkta som skal sikre det.

- Skånsam tråling og ombordtaking der fangsten blir tatt inn under vasslinja
- Levandelagring av fangsten i vasstankar i mottaket
- Prosessering av fleire produkt
- Jamn fabrikkutnytting
- CO2 som kuldemedium som gir lågare temperatur ved innfrysing og betre kvalitet
- Alt restråstoff vert tatt vare på

Hekken på fartøyet blir seinka ned slik at fisken symjer frå trålposen og inn i eit basseng før avliving. Illustrasjon, Ulstein Design.

Reiarlaget og designarane har mellom anna henta teknologi frå brønnbåt og landanlegg og smelta dette saman i ein komplett designpakke for ombordproduksjon.

Solid fagjury

Det er magasinet Skipsrevyen som deler ut prisen, og juryen har vore samansett av Gustav Erik Blaalid, styreleiar i Skipsrevyen, Sverre Steen, Instituttleiar ved Institutt for Marin Teknikk ved NTNU i Trondheim, og Hans Jørgen Rambech, seniorrådgjevar ved Sintef Ocean i Trondheim.

Fakta om ECOFIVE:

- Skipet skal fiske etter kvitfisk og reker
- Reiarlag: Bluewild AS
- Designa av Ulstein Design & Solutions AS
- Vert bygd av Westcon Yards

Fabrikktrålaren er 73,2 meter lang, har eit lasterom på om lag 2000 kubikkmeter og er utrusta med trippeltrål og pelagisk trål. Utstyrsleverandørane er i all hovudsak frå den norske maritime klynga.

Ecofive har tidlegare fått innovasjonsprisen, som blei delt ut under NorFishing i Trondheim i 2022.


Her kan du lese om dei tre nominerte fartøya.

Nyheter