This is some text inside of a div block.

Fiskebåt tok til orde for at det bør vere like konkurransevilkår i forhold til CO2-avgifta. I dag deltok fagdirektør i Fiskebåt, Jan Ivar Maråk, i høyringa til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.


Under kan du lese heile innspelet frå Fiskebåt til Energi- og miljøkomiteen.

"Det er målsettinga at klimapolitikken skal bidra til globale utsleppskutt i fiskeflåten, og regjeringa varslar ein gjennomgang av tiltaka. Vi veit allereie svaret. Resultatet er ein reduksjon i nasjonale utslepp frå fiskeflåten, men auka utslepp globalt. I tillegg har vi fått meir bunkring til havs med økt fare for oljeforureining, redusert aktivitet langs kysten, og fare for svekka beredskap som følge av nedlegging av bunkersstasjonar. Vi veit allereie at ein stor aktør vurderer å legge ned sine tre stasjoner i Finnmark. Det er altså ikkje meir av same politikk vi treng.

Intensjonen bak forslaga i statsbudsjettet er god. Summen blir likevel eit altfor komplekst og uforutsigbart regelverk som vil forsterke utviklinga vi nettopp skisserte.

Med forslaget i statsbudsjettet får eit større fiskefartøy som skal på ein 30 døgns tur i Barentshavet ein meirkostnad på inntil 2,6 mill. kroner i forhold til eit fartøy som bunkrar avgiftsfritt. På grunn av lottsystemet må fartøyet fiske for vesentleg meir enn dette for å dekke kostnaden. Kva som eventuelt blir kompensert veit reiarlaget tidlegast når statsbudsjettet for 2027 blir vedtatt, altså året etterpå.

I mange tilfelle utgjer klimaavgiftene forskjellen på ein lønsam og ein ulønsam tur. Reiarlaga gjer difor det som er nødvendig for å unngå avgiftene og for å oppretthalde konkurransekrafta. Fartøya kan bunkre avgiftsfritt i ope hav eller i utanlandsk hamn. Enn så lenge kan fartøya også bunkre avgiftsfritt i norsk hamn forutsett at fartøyet først går til ei utanlandsk hamn.

Fornyinga av fiskeflåten har omtrent stoppa opp på grunn av dårlege kvoteutsikter og kostnadsauke. Mange er også usikre på kva teknologi dei skal satse på. For fiskeflåten finns det enda ikkje alternativ til fossilt drivstoff. Det er også grunnen til at CO2-avgift er eit ueigna tiltak.

Fram mot 2030 må utsleppskutta i all hovudsak skje i den eksisterande fiskeflåten gjennom innblanding av biodrivstoff, energieffektivisering og endringar i fiskeripolitikken.

Det mest effektive tiltaket for å sikre utsleppskutt i fiskeflåten er å legge til rette for at fartøya bunkrar i Norge, og blir omfatta av omsetningskravet for biodrivstoff. Derfor bør CO2-avgifta for fiskeflåten harmoniserast med avgifta i landa rundt oss.

Det er positivt at regjeringa reverserte og utsette vedtaket om å nekte fiskefartøy å bunkre avgiftsfritt i utanriksfart i sommar. Dersom avgiftsforslaget i statsbudsjettet blir vedtatt, er det heilt nødvendig å vidareføre denne tilgangen. Ei avvikling vil få store negative konsekvensar, fordi enda meir av bunkringane i så fall vil skje i andre land eller til havs. Dette vil vere ein stor trussel mot bunkersinfrastrukturen på kysten, og auka fare for råstofflekkasje.

Vi ser allereie at våre konkurrentar frå EU, Færøyane og Island, som tradisjonelt har bunkra i norske hamner, no har starta med bunkring i åpent hav. Dette er ei utvikling ingen i Norge ønskar"

Les også;

- Fiskeripolitikken må endres for å nå klimamålene

Nyheter