This is some text inside of a div block.

Fiskarar observerer enorme mengder med lodde langs heile Finnmarkskysten. No etterlyser dei større kvotar.

- Det er eit enormt innsig av lodde i år langs heile kysten av Finnmark. Sjølv var eg berre nokre timar på havet, då kvota blei tatt raskt, men eg har snakka med mange andre som observerer det same. Det seier Jarle Gangstad som er skipper på ringnotfartøyet Sæbjørn frå Midsund.

Ifølge Gangstad er det i tillegg stor spreiing på loddeinnsiget som strekkjer seg langs heile kysten av Finnmark. No etterlyser han havforskarane, som han meiner burde fått dette med seg.

- Havforskingsinstituttet følgjer med på innmeldingane frå Sildelaget, men det gir ikkje anna oversikt enn at det er innmeldt lodde i forskjellige soner. Dei får ikkje med seg dei enorme mengdene med lodde som kjem inn mot kysten. Når båtane er ferdige med fisket, er det ingen som følgjer med lenger, seier Gangstad.

Bildet på ekkoloddet fortel om store stimar med lodde. Foto: Jarle Gangstad.

Fiskebåt har også vore i kontakt med andre fiskarar som opplever det same. Som følge av store mengder lodde, blir det også observert mykje kval. Dette gir store utfordringar for fiskarane som må hindre at dei vasar seg inn i nøtene.

Kvalane går tett på fiskefartøya og kan lett vase seg inn i nøtene. Foto: Jarle Gangstad.

Dei siste åra har Havforskingsinstituttet (HI) gjennomført årlege gytetokt for å kartlegge loddebestanden. Dette var ein forsøksserie som skulle gå over tre år, men som blei utvida til fem år, fortel forskar Georg Skaret ved HI.

- Målet var å få eit grunnlag for å evaluere om eit slikt tokt kunne brukast direkte inn i lodderådgjevinga. Toktet blei evaluert under ICES sitt metoderevisjonsmøtet for lodde i 2022, og det blei konkludert med at det metodisk ikkje var noko i vegen for å bruke toktresultata inn i rådgjevinga. Men utfordringa vi har hatt er at det i testperioden og per i dag ikkje har vore mogleg å få dekning i russisk sone, slik at innsiget frå aust ikkje blir fanga opp, seier Skaret.

Han viser til at det er godt samsvar mellom resultata frå gytetokta og resultata frå dekninga om hausten.

- Når vi samanliknar resultata frå dei fem åra med gytetokt med resultata frå dekninga om hausten som vi baserer rådgjevinga på, så er det godt samsvar, men gytetoktresultata ligg konsekvent i nedre sjikt av kva vi forventar og ville ikkje for nokon av åra ha ført til eit høgare kvoteråd. Som loddeforskarar har vi sjølvsagt eit ønske om å overvake loddeinnsiget, men i og med at rådet i fjor haust baserte seg på ei vellukka toktgjennomføring, så blei ikkje eit gyteloddetokt i år prioritert.  Dette var også diskutert med næringa i Fagleg utval for Russursforsking, seier Skaret.

Han seier det er at fiskarane observerer store mengder lodde, og viser til at kvoterådet for i år er det høgaste sidan rådet for 2018-sesongen.

- Det reflekterer at vi forventar eit bra innsig i år. 2019-årsklassen er sterk. Denne har dominert innsiget både i fjor og året før, og framleis som 5-åringar i år bidrar denne vesentleg til gyteinnsiget. I tillegg er 2020-årsklassen relativt sterk og vil i år dominera gyteinnsiget. Erfaringane frå gytetokta dei siste 5 åra er også at i år med bra innsig, så observerer ein store stimar med lodde i dei viktigaste innsigsområda, seier Skaret.   

Les også;

Loddekartlegging ved Jan Mayen og i Barentshavet

Følg loddegytetoktet 2023 her

Har aldri sett så mykje lodde

Nyheter